Kvar kveld blir det lagt opp til ulike sosiale aktivitetar i regi av potetane og leirutvalet. Det er viktig for oss at alle har det kjekt på leir, og noko av det som vi veit at mange gler seg til er dei sosiale aktivitetane etter middag.
På leiren er det tradisjon for å ha improkappleik, hekleløp, festmiddag og nattdebatt. I tillegg har det som regel blitt både spel, dans, teaterleik, kubb, kortspel og alt anna kva ein måtte finne på. Du som leirdeltakar må gjerne komme med forslag til aktivitetar ein kan finne på under leir.
Foto: Inger Johanne Ruset/Noregs Ungdomslag