Historia til Sommarleiren
Visste du at Sommarleiren er eit framhald av dei tidlegare landsstemna og sommarkursa som Noregs Ungdomslag har skipa til sidan slutten av 1890-talet?

Visste du at Sommarleiren er eit framhald av dei tidlegare landsstemna og sommarkursa som Noregs Ungdomslag har skipa til sidan slutten av 1890-talet?
…til kva me no kjenner som Sommarleiren høyrer me om i 2001 då det vart skipa til «frå halling til hiphop» i samband med landsstemnet i Asker. Dette året vart det òg sendt ut innbyding til alle ungdomsringane i landet til FLUR (Fylkeslagets ungdomsring i Aust-Agder Ungdomslag) om å kome til Lillesand i nokre dagar før landsstemnet i Asker. Ungdommane som reiste til Lillesand var mellom anna på utflukt til Dyreparken og vart godt kjende før dei skulle til Asker. Dette kom til å verte kalla «Noregs Ungdomsring», og vart så populært at det vart teke opp att året etter og kvart år fram til i dag.
Dei første åra varte ungdomssamlingane berre nokre dagar i framkant av festivalen. Då var det leir frå måndag til onsdag, og så vart det festival frå torsdag til sundag. Dei første åra var det òg berre kurs i folkedans, og målgruppa var for det meste dei etablerte ungdomsringane rundt om i landet.
I 2008 då det var leir og festival i Lillesand vart det for første gong skipa til teaterkurs og spelkurs som gjekk parallelt med dansekurset.
I 2009 vart det igjen utvida med kurs i design. I samband med NORDLEK i Steinkjer i 2012 vart det invitert til Nordisk Sommarleir, og kursmodellen vart endra frå parallelle langkurs til mange ulike kortkurs.
I dag har vi ein kombinasjon med både lengre hovudkurs og kjappe kortkurs – noko for alle!
Ein ting som er sikkert, er at det har vore ein del namneendringar dei siste 20 åra, og no lyt me prøve å forklare dei ulike namna og når dei vart endra.
Sidan seint på 1890-talet har Noregs Ungdomslag skipa til årlege stemner, ofte kalla landsstemne eller NU-stemne. I 2002 byta dei namn til Folkekulturfestivalen for å prøve å femne om eit større publikum enn berre NU-medlemmar. I 2010 vart dette endra til Folkedansfestivalen, noko den heitte fram til den vart nedlagt på Landsmøtet i 2015. Den siste Folkedansfestivalen gjekk av stabelen i Ørsta i 2014.
Den første ‘sommarleiren’ i 2001 hadde eigentleg ikkje noko namn, men fekk namnet Noregs Ungdomsring (NUR) i 2002. Dette vart endra til Sommarleiren i 2010.
Noregs Ungdomslag har med andre ord lang tradisjon for å skipe til sommarkurs og stemner, sjølv om Sommarleiren fyrst starta i 2001.
Det har vorte skipa til landsstemner sidan seint på 1890-talet, og fram til 2006 vart det skipa til årlege sommarkurs for å utdanne instruktørar i dans og teater.
Fleire av ingrediensane frå det tidlegare landsstemnet heng framleis att i dagens Sommarleir, slik som improkappleik (tidlegare kalla SMITS, altså Stemnemeisterskap i teatersport), nattdebatt og storslagen dansefest på laurdagen (tidlegare kalla leikfest).
2024: Myra Skule, Arendal (Nordisk Sommarleir)
2023: Trøndertun Folkehøgskule, Melhus
2022: Trøndertun Folkehøgskule, Melhus
2021: Avlyst grunne situasjonen rundt Covid-19
2020: Avlyst grunne situasjonen rundt Covid-19
2019: Skogn Folkehøgskule, Skogn
2018: Solbakken Folkehøgskule, Skarnes
2017: Fana Folkehøgskule, Bergen
2015: Porsgrunn/Skien
2014: Møre Folkehøgskule, Ørsta
2013: Kongsberg
2012: Steinkjer (Nordisk Sommarleir)
2011: Bodø
2010: Bergen
2009: Hamar
2008: Lillesand
2007: Oslo
2006: Steinkjer (November)
2006: Trondheim (Juli)
2005: Kirkenes
2004: Vågå
2003: Ringebu
2002: Beitostølen
2001: Asker/Lillesand
"Sommarleiren er noko av det beste som finst. Ein sunn dose fagleg innhald, ein liten dose galskap, og mykje, mykje moro. Å få dra på leir år etter år har gitt meg utruleg mykje, av både lærdom om vener, i tillegg til at eg har fått sett heile landet vårt frå Kirkenes i nord til Lillesand i sør."
- Torbjørn Bergwitz Lauen,
vore på Sommarleiren 16 gonger
“Et varmt og inkluderende miljø sammen med ungdommer med bra moral og mange gode verdier er et minne jeg har for livet.”
- Aziz Azizullah,
vore på Sommarleiren to gonger
“For meg vil jeg si det beste med Sommarleiren var å bli kjent med andre med like interesser fra hele landet. I tillegg til at det er variert med at man kan prøve forskjellige kurs. Da jeg først reiste drev jeg mest med musikk, men fikk mer interesse for dans og teater, kanskje fordi jeg fikk muligheten til å leke meg med det på leir. Mange av de jeg møtte på leir er fortsatt gode venner. Faktisk var det takket være en jeg ble kjent med på Sommarleiren at jeg fant meg sted å bo da jeg begynte å studere!”
- Ingeborg Hollekim Bringslid,
vore på Sommarleiren åtte gonger
“Det å ha vært med på hver Sommarleir i NU siden 2012 har gitt meg noen av mine nærmeste venner og kjæreste minner! Jeg har fått sett deler av Norge jeg ikke før hadde besøkt og blitt kjent med lokalkulturen der. Somrene ville ikke blitt det samme uten gjensynene med alle leirfarerene og møte med de nye hvert år! Det å få en hel uke til å skravle, le, lære, danse, synge og utforske er gull verdt!”
- Astri Andrea Bjerkem,
vore på Sommarleiren sju gonger