I år blir det heile to langkurs i folkedans og fem kortkurs. Her er det mykje kjekt å velje mellom.
Langkurs: Springdans frå Nordre Sunnmøre
Det einehovudkurset i dans er ei fordjuping i den lokale bygdedanstradisjonen frå der Sommarleir finn stad i år. Springdans frå Nordre Sunnmøre er ein spretten og energisk dans med mange ulike motiv, rundsnu både den eine og den andre vegen og ein morosam lausdansdel. På kurset vil du få moglegheittil å fordjupe deg i sviktmønster, øve på framdrift og bli kjent med motiva i dansen. Du vil lære deg einny bygdedans du ikkjekjenner fråfør, eller bli betre i eindans du allereiehar dansa. Kurset passarbest for deg som har dansa folkedans ei stund, men du behøver ikkjeå ha voreborti akkurat denne dansen tidlegare.
Sjekk ut dansen her.
Langkurs: Dans med Anna og Nina
På dette kurset vil instruktør Anna og musikar Nina ta deg med i eitmangfald ulike dansar. Du vil danse både på ring, rekke og i par, i ulike taktartar og tempo. Det blir fokus på det grunnleggande tinga i folkedansen og gjennom variert dans og musikk vil du få god kjennskap til sjangeren. Kurset passar både for deg som har dansa ei stund, men også for deg som er nysgjerrig på kva folkedans er. Saman vil Anna og Nina legge opp til eit kurs der du både får øvd dansemusklane og lattermusklane. Du vil bli eintryggaredansar og får utvida eige danserepertoar. Det er berre å ta på seg danseskoa og slenge seg med!
Kortkurs: Reinlenderfantasi
Reinlender er ein allsidig dans det går an å leike seg mykje med. Dreg du på dansefest, er det stor sjanse for at det blir spela opp til reinlender. Den høyrer til i runddansfamilien og viss du reiser rundt i landet vil du kunne finne ulike former av dansen, slik som lukka reinlender, ringlenderfrå Rørostraktene, familiereinlender eller Sunnmørsreinlender. Mange som dansarsynast det er spanande å finne opp eigne turar, og til reinlendermusikken passar det veldig godt å gjere nettopp det. På dette kortkurset vil Svein Are lære vekk ulike turar. Kurset passar både for deg som har dansa ein del og deg som er nysgjerrige på å lære noko nytt.
Kortkurs: På to slag i takta
Gangar, halling, parahalling, slengpolska- kjært barn har mange navn. Der er mange danser man kan danse med to slag i takta. Fleire av deitilhøyrer bygdedansfamilien og er einrolegare variant av springdanstradisjonen. Det kan også dansast fritt, utan manus, og nesten utanreglar. Med utgangspunkt i gåsteget vil Svein Are gå gjennom turar og motiv som du kan bruke neste gong du er på dansefest. Kurset vil ikkje ha fokus på ein bestemt tradisjon, men blandar inn motiv frå fjern og nær, kanskje mest frå Vestlandet. Kurset passar for deg som vil øve meir på føre- og følgjerollen og for deg som vil lære nye turar.